Flytande Funkis på fjorden

Sunnmørsposten 15.6.2017

Hytte med garantert sjøutsikt

Hytte på fjellet, ved sjøen – eller kanskje PÅ sjøen?

Hytteprodusenten InStordal AS og flytebryggeprodusenten Marina Solutions AS i Ørsta har pønska ut ei nyheit: Funkishytte plassert på ei flytebrygge.

– Ein dag i fjor opna eg Sunnmørsposten og las om den nye hyttefabrikken i Stordal. Her såg eg eit mogleg samarbeid, og ringde straks Steffen Leganger i InStordal.

Det fortel Torgeir Iversen, dagleg leiar i Marina Solutions AS.

Ideen hans gjekk ut kort og godt ut på å plassere Stordal-hyttene på flytebrygger.

– Det er viktig å alltid tenke nytt, å sjå moglegheiter, forklarer Iversen, og legg for dagen den sunnmørske gründerånda.

Steffen Leganger, eigar og dagleg leiar i InStordal tende straks på ideen, og under Ålesund Båtfestival i neste månad håper dei å kunne vise fram den første flytande hytta si, plassert i Brosundet.

– Dette er eit prøveprosjekt, så får vi sjå korleis det blir motteke, seier Leganger spent.

Dei har tenkt å plassere ei 38 kvadratmeter stor og ni tonn tung hytte opp på ei betongflytebrygge på 45 tonn. Brygga måler 14 gonger fem meter.

– Vi kjem til å bu i hytta under festivalen. Ettersom det er støypt inn ein septiktank er det fullt mogleg å bu der, forklarer Steffen Leganger.

Hytta har både fullt utstyrt kjøken og bad. Innvendig er det behandla gipsplater på veggane, på golvet er det eikeparkett.

Leganger legg til at hytta er godt isolert, og den har varme i alle golv.

Marina Solutions har eksistert i fleire år, har no 17 tilsette, og avdelingar både i Ørsta og Sula.

Dei er godt etablerte som leverandør av større og mindre marinaanlegg, til dømes til båtforeiningar, hamnevesen og entreprenørar.

InStordal starta opp med produksjon av moderne funkishytter i vinter, og har så langt seld fem hytter.

– Dessutan er vi i desse dagar i sluttforhandlingar om to til som skal leverast til Volda, legg Steffen Leganger til.

Dei to gründerane har vore i kontakt med hamnevesenet, som seier at det for dei er greitt med hytter på sjøen, så lenge hyttene ikkje er til hinder for skipstrafikken.

– Eg ser for meg at slike flytande hytter kan bli attraktive i turistsamanheng, seier Torgeir Iversen.

– Dessutan er det meir naturvennleg, enn om ein skal sprengje ut ei tomt på land, legg Iversen til.

TERJE ENGÅS