Vi feirer 10 års jubileum!

Artikkel fra Møre-Nytt 12. mai 2020

2019 var vårt beste år så langt, og vi har ambisjonar og en strategi om framleis vekst.

Det seier dagleg leiar i Marina Solutions, Torgeir Iversen.

Han har vore med sidan starten, 6. mai 2010, då selskapet vart stifta av Iversen sjølv, Otto Aam, Jan Erik Hovden og Tommy Giil.

– Tida har gått fort, og vi har hatt ei svært bratt vekstkurve. Det tok ikkje lang tid før vi måtte tilsette fleire, fortel Iversen.

I dag tel dei 18 tilsette, der dei fleste held hus på Tindebygget, men dei driftar også eit lager på Bingsa i Ålesund, og har ein samarbeidspartnar og medeigar i Bergen, Tria, som leverer alt stålet til dei. Lokalt er Ulstein Betong ein viktig bidragsytar som også har en betydelig eigarandel i MS.

Marinaanlegg

Det er sjøen som er deira fagfelt, og dei er totalleverandør av marinaanlegg, fiskerihamner og betongflåtar, og har levert fleire hundretals anlegg i Noreg. Selskapet har også bygd opp eigen sjøentreprise med 2 stk. kranbåtar og fem fast tilsette montørar.

– Vi fann vår nisje på store, tyngre, flytande konstruksjonar. Vi leverer flytemoloar, flytande betongkaier, hurtigbåtterminalar, flåtar til oppdrettsanlegg. Alt er mogleg, seier Iversen.

– Vi har prøvd å sjå i ei retning andre ikkje har gjort. Det har vore vår oppskrift på vekst. Å tenke innovativt og nytt når det gjeld produktutvikling har vore vår suksessfaktor.

Og kanskje aldri så lite magi. I alle fall ikkje langt unna.

Nytenking

– Vi har til dømes utvikla ei snøfri betongbrygge, som dei mellom anna har levert i Båtsfjord, Berlevåg, Hammerfest, Hadsel

Kommune og 2 hamner hos Alta Havnevesen. Snøen som legg seg på brygga smeltar bort utan tilførsel av energi, og det er ein fordel i Nord-Noreg, der vintrane som kjent er lenger og hardare enn dei vi har lenger sør i landet.

For å bli best i klassen her, må ein først å fremst tåre å satse, og ikkje minst være frampå å tenkje nytt og ha tilpasningsevne seier Iversen.

– Marina er konkurranseutsett, og du må vere villig til å utvikle deg skal du tene pengar. Utvikling kostar, men absolutt nødvendig.

Fleire år i bransjen har også gitt dei tid til å gjere grundige undersøkingar, så dei kan gjere nødvendige tilpassingar.

– Vi har vore så lenge i marknaden at vi har kartlagt behova meir i detalj for ulike landsdelar. Det er store klimatiske variasjonar, som også gjer at det er behov for ulike eigenskapar i bryggene, i ulike landsdelar.

Satsar vidare

2019 var altså deira beste år så langt. Dei har stort sett hatt overskot alle dei ti åra dei har eksistert. Men fjoråret gjorde at dei torde å satse vidare, og dei investerte difor i ein ny arbeidsbåt, Marina Fjord, ein kranbåt som skal halde Marina Ocean med selskap langs kysten.

– Havbruk vert både spennande og viktig for oss framover. Vi har levert ein del større serviceflåtar til havbruk, og vi har gjort avtale om fleire leveransar dei neste to åra som også innehar forflåtar. Det gir oss eit trygt perspektiv. Vi er også inne i fleire store utviklingsprosjekt, utan at vi kan røpe for mykje akkurat no. At vi har ambisjonar om framleis vekst i åra som kjem, har også samanheng med satsinga vår på havbruk, men også generelle forbedringar.

Koronapandemien har gjort arbeidslivet meir krevjande for dei fleste, også Marina Solutions, men dei har dei siste vekene likevel opplevd stor pågang på alle marknadsdsområda, og med dette signert fleire kontraktar.

– No feirar vi ti år, og eg er sikker på at vi er her også om ti nye år. Men det første først. 2020 vert eit svært spennande år for oss med store moglegheitar seier dagleg leiar Torgeir Iversen.

Møre-Nytt ved Janne-Marit Myklebust

Artikkel-Møre-Nytt-web.jpg#asset:5899:prodslider